Ånund Lund
| Ånund Lund | ||
|---|---|---|
| Født: | 18. desember 1938 (87 år) | |
Ånund Lund (fødd 1938 i Valle) er ein pensjonert lærar som i 2010 gav ut musikkalbumet Blanda drops, som var hans første. Ånund Lund har vore med i fleire songgrupper, sist i «Fjoruven», men då denne gruppa vart oppløyst, heldt han fram med å syngje og spele aleine.
Ånund Lund var lærar ved Valle skule til han gjekk av i 2000. I mange år var han tillitsvald for lærarane som var organiserte i Norsk Lærarlag.