Furestipendet
Furestipendet er eit stipend som vert gitt til vinnarane av C-klassane (under 25 år) på Landskappleiken, dersom domarane meiner dei gjer det særskilt godt eller syner spesielle talent. For musikarar og kvedarar er det Furestiftinga som gjev hovudprisen og stipenda. FolkOrg set sjølv opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans.
Furestiftinga er ei stifting etter forretningsmannen Knut Fure og kona Elisabeth Fure. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.
Vinnarar frå Setesdal
- Eivind Tanche-Larsen Knutsen fekk stipendet på 10.000 kroner i 2016 og fekk halve stipendet (5000 kr.) i 2015
Kjelder
- Ole Birger Lien: Vann NM og fekk Furestipend. Artikkel i Setesdølen nr. 49, 2016 side 12
- Furepris og Furestipender 2015
- Om Furestipendet