Kjell Omland
| Kjell Omland | ||
|---|---|---|
| Kjell Omland. Foto: Geir Daasvatn
| ||
| Født: | 16. juni 1949 (76 år) | |
Kjell Aslak Omland (fødd 16. juni 1949) begynte som banksjef i Evje og Hornnes Sparebank i 1978. Då hadde han ti år i Spareskillingsbanken i Kristiansand bak seg. I 1981 fekk han tittelen administrerande direktør. Han slutta etter avtale i banken 1. oktober 2014 for å bli pensjonist.
I fritida har Omland mellom anna vore sterkt engasjert i religiøst arbeid. Han var leiar i Evje Misjonssamband (NLM) 1982-1990, 1998-2001 og igjen frå 16. februar 2015. Han var den store pådrivaren bak oppstartinga av Radio Evje, som kom i stand etter initiativ frå NLM, og vart også den første ansvarlege redaktøren.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Går frå bank til vedaskog. Artikkel i Setesdølen nr. 29, 2014 side 29
- Erik Kjebekk, Misjon og vekking i eit bygdesamfunn, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2002, s. 50-53