Hopp til innhald

Brokke skule

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mai 2016 kl. 06:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Nomeland)

Brokke skule vart bygd i Brokke rundt 1870. Ein periode, då det var få barn i Brokke, vart skulen flytt til Nomeland og plassert litt sør for Sylvartun. Då det seinare kom fleire ungar i Brokke, vart skulen flytt opp att. Skulen var i bruk til skulane i kommunen vart sentraliserte og Hylestad skule vart bygd på Nomeland. Seinare vart skulen flytt att og plassert bak Hylestad skule, der han no er skulemuseum.

Kart

Laster kart ...