Evje (Prestegarden)

Foto: Geir Daasvatn
Evje prestegard er ein gard (gnr. 56) i Evje og Hornnes kommune. Bjørnefjellbekken renn forbi garden, og lagar ei evje - ein stad der vatnet sviv i ring - før han renn ut i Otra frå aust. Denne evja gav først namn til garden. Truleg kom han til i romersk jernalder, kanskje i andre halvdelen av denne (år 200 - 400 e. Kr.). Ein meiner garden er mellom dei eldste i bygda, og han var ei tid den største i heradet.
Så vart kyrkja bygd på Evje-garden. Garden kom med det til å gje namn først til soknet, etter reformasjonen til prestegjeldet, og seinare til Evje kommune.
Kjelde
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2008, s. 35
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 20 og s. 62-64