Aasulv Lande (1937)
Aasulv Lande (fødd 25. desember 1937 i Bygland) er ein norsk prest. Han tok artium på Hornnes landsgymnas i 1955 og studerte deretter ved Menighetsfakultetet og vart cand.theol. i 1962. Med stipend frå Kirkenes Verdensråd studerte han eitt år ved Durham University før han kom tilbake til Norge og tok praktikum.
Frå 1965 til 1980 var Aasulv Lande misjonsprest i Japan for Den Nordiske Kristne Buddhistmisjon. Seinare har han vore førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og ved Selly Oak Colleges i Birmingham, eit studiesenter med fleire høgskular for misjon og diakonalt arbeid. Den siste tida før han vart pensjonist, var han professor misjonsvitenskap ved Lunds Universitet. Han var også styremedlem i det svenske Institut for kontextuell teologi.
Kjelder
- Om Aasulv Lande i Norsk Misjonsleksion 2 1966 spalte 723