Undervisningsbygget Evjemoen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. januar 2016 kl. 11:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Undervisningsbygget Evjemoen er eit gamalt bygg i Søndre leir på Evjemoen som vart brukt til undervisningsformål og anna medan Evjemoen framleis var ein militærleir. Vaksenopplæringa i Evje og Hornnes, under leiing av rektor Søren Østerhus, heldt til her gjennom ein trettiårs-periode frå midt på 1960-talet. Svært mange soldatar som var inne til førstegongsteneste har teke kurs og/eller vidareutdanning i mange ulike fag i desse lokala.

Etter at Evje og Hornnes kommune overtok Evjemoen i juni 2003 har bygget ikkje vore så mykje brukt. Til tider har det stått tomt. Men frå vinteren 2016 skal bygget kome i bruk igjen til norskundervisning for asylsøkarar ved det nye Evje statlige mottak som blei etablert i kommunen hausten 2015.

Kjelder