Sølvgarden Hotell og Feriesenter

Sølvgarden Hotell og Feriesenter er eit hotell med arkitektonisk særpreg på Rysstad i Valle. Hotellet er oppvarma ved at varmt vatn sirkulerer i golva, og vatnet vert varma opp av eige flisfyringsanlegg på hotellet. Restauranten kan tilby tradisjonelle norske rettar, som elgkarbonader, steikt aure eller rjomegraut og spekemat. I interiøret finn du att gjenstander frå sylvsmedkunsten i Setesdal. Eigaren, Trygve Rysstad er sølvsmed i tredje generasjon og driv verkstad i tilknytning til hotellet. Kona Inger Kiland Rysstad arbeider og på hotellet. Kjøkkensjef var Kristine Bjørgum Forde, som i 2011 begynte i Bleieboden, og restaurantsjef er Andreas Forde.
Frå 13. desember 2015 fungerer hotellet også som akuttmottak med mellombels overnatting for asylsøkarar. Kapasiteten er 112 slike plassar. Avtalen strekker seg i første omgang til 15. februar 2016.
Kapasitet
- Hotell
23 rom og ei tårnsuite. Seks rom er familierom og har sovealkove for born og sittegruppe, romsleg bad, minibar og flatskjerm.
- Motell
Motellavdelinga vart opna 17. juli 2003. Romma har plass for inntil 4 personar. Eigen uteplass til kvart rom. Flislagt dusj/WC med varmekablar i golvet. Fargefjernsyn med satelittkanalar, minibar.
- Hytter
- Tre hytter type A med dobbeltseng og stor stove og fullt utstyrt kjøkken.
- Ei hytte type B med to soverom, eit med dobbeltseng og eit med fire køyesenger. Stor stove og fullt utstyrt kjøkken.
- To hytter type C som type B, men to enkle senger i staden for køyesenger i det eine soveromet og med tre soveplassar i stova i tillegg.
- Hytter type D med eit soverom med fire senger og ein sovealkove med to senger.
- Åtte hytter i Rysstad hyttepark 800 meter sør for hotellet. To soverom, begge med smal dobbeltseng og overkøye.
Prisar
- Prisar hotellrom 2010
- Enkeltrom kr 1050
- Dobbeltrom kr 1490
- Familierom frå 1740
- Suite kr 2400
- Prisar Motellrom 2010 inkludert frukost.
- Enkeltrom kr 850
- Dobbeltom kr 1180
- Dobbeltrom + ekstra person kr 1420
- Dobbeltrom + 2 ekstra personar kr 1660
- Prisar hytter
- A: Frå 790 kroner
- B: Frå 1050 kroner
- C: Frå 1140 kroner
- D: Frå 1050 kroner
- Hyttepark: Frå 750 kroner
Historie
Hotellet kosta i si tid 13 millionar kroner å bygge. Etter ein lang økonomisk nedtur tok SR Bank i Rogaland over eigarskapen til hotellet i 2012. Den opphavelege eigaren av verksemda, Trygve Rysstad, fortsatte som drivar av hotellet. Det var heile tida Rysstad sitt mål å kjøpe hotellet tilbake. Hausten 2015 lukkast han i dette, og overtok eigarskapen igjen for 6,5 millionar kroner. Saman med tidlegare utbetalt pant kosta kjøpet han totalt 10 millionar kroner.
Sommaren 2014 var god for hotellet. Men sommaren 2015 slo alle rekordar, og i perioden juni - august var omsetnaden i verksemda 7 millionar kroner.
Hausten 2015 er det planar om utviding av kjøkkenet, og ei større oppgradering av flisfyringsanlegget.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Trygve Rysstad har kjøpt tilbake Sølvgarden hotell, artikkel i Setesdølen nr. 79, 2015, side 5
- Liste over akuttplassar for asylsøkarar på nettsida til UDI