Møkjåland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. desember 2015 kl. 20:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Møkjåland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Møkjåland er ein gard (gnr. 28) aust for Eieland, omlag fire kilometer vest for Vatnestrøm aust i Iveland kommune. I en sløyfe gjennom garden går Møkjålandsveien, som både tek til og stanser i Fylkesveg 293 som går til Vatnestrøm.

Historie

Det er to gravfelt på garden, som peikar tilbake mot gamal tid. Garden er ein av landnåmsgardane i Iveland, og er sikkert tidfesta til folkevandringstida. Han har sine opphavelege grenser den dag i dag, og lagar ein mykje grei firkant mellom dei fire endestavane «Hella raue», «Skarkesteinen», «Gåstjønnsteinen» og «Viersteinen».

Kjelder

Eksterne lenker

Kart