Den ville sauen
Den ville sauen er ein sang av Johannes Bakken. Sangen vart skriven i 1938. Bakken, som var predikant innan pinserørsla, hadde høyrt preika i gudstenesta i radioen der presten preika om Jesus som leiter etter den eine som er komen bort. Då tenkte Johannes Bakken tilbake på ei hending i ungdomstida då han og broren Olav gjekk til fjells for å leite etter ein sau som ikkje var komen heim då snøen hadde lagt seg. Dette gav grunnlaget for sangen, som Gunstein Draugedalen sidan gjorde kjent. Seinare har ei rekke andre musikarar spelt inn sangen.
Innspelingar
Kjelde
- Eilert Kvernes: «Den ville sauen» er ikkje folkevise. Lesarbrev i Setesdølen nr. 101, 2011 side 11