Gautestad
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gautestad er ein gard (gnr. 64) og ei lita grend ved Høvringsvatnet nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Fv-306 ender på Gautestad. Gautestad kurs- og misjonssenter ligg ved enden av vegen. Naturen rundt Høvringsvatnet og Gautestad er rekna for å vere noko av den venaste i Evje og Hornnes. Det er svært mange fritidsbustader i området.