Setesdalskonferansen 2010
Setesdalskonferansen 2010 er ei samling for eigarar/daglege leiarar i private verksemder i Setesdal, tiltaksapparatet, kommuneleiinga og andre inviterte. Føremål med konferansen er fagleg påfyll, nettverksbygging og ein uformell arena for tettare samarbeid mellom privat næringsliv og off. tiltaksapparat. Arrangementet blir finansiert av Setesdal regionråd. Det er fri deltaking! Servering og overnatting inkludert.
Program Setesdalskonferansen 2010
- Stad
- Sølvgarden Hotell og Feriesenter
- Tema: Årets konferanse har som tema sal og lønsemd – og nye måtar å auke salet på. Det vere seg gjennom nye digitale kanalar – som Doffin, sosiale media og det ein har makt over gjennom å bruke seg sjølv og omgjevnadene til å bringe verksemda opp og fram!
- Torsdag 15. april
- 14.30 Kaffi og rundstykker
- 15.00 Velkommen til konferanse – programkomiteen Opning ved styreleiar Bjørn Ropstad. Programvert Erik Dale. Presentasjon – mjuk oppvarming av møtelyden.
- 16.30 Føredrag med tema: SAL. Dag Thomassen direktør marked og kommunikasjon ABCenter
- 18.00 Kulturløype med Quiz, kulturelle innslag og forfriskningar
- 20.00 Middag. Kjøgemeister Bjørgulv Sverdrup Lund. Stortingsrepresentant Svein Harberg står for utdeling av den første «Setesdalsprisen»
- Fredag 16. april
- 09.00 Open post – ymse orienteringar
- 10.00 Parallelle verkstader – deltakarane vel 2 verkstadar à 1,5 time
- VERKSTAD 1: DOFFIN – korleis nytte seg av dette verktyet for å finne og få oppdrag? Knut Otto Pedersen frå OFA
- VERKSTAD 2: Sosiale medier – lure måtar å nytte desse på! Sten Moe frå Dale+Bang
- VERKSTAD 3: Minikurs i presentasjonsteknikk. Erik Dale frå Dale+Bang
- VERKSTAD 4: Reiseliv. Svein Enersen / Eigil Rian Visit Setesdal
- VERKSTAD 5: Utviklingsplan Setesdal – næringsutvikling – og næringspolitikk. Bjørn Ropstad / Signe Sollien Haugå / Agnete Rieber-Mohn
- 13.00 Lunsj og vel heim
Setesdalsprisen skal delast ut for første gong! Den kan gå til ei verksemd/eigar/dagleg leiar som har utmerka seg på særleg vis. Det kan vere lønsemd, merksemd, utviklingsarbeid eller anna. Ein eigen jury vel på førehand ut prisvinnar. Offentleggjering og utdeling finn stad på Setesdalskonferansen. Har du forslag til kandidatar som fortener å få utmerkinga – sjå utlysing og endelege kriteria i næraste framtid.
Programkomitè:
*Knut Olav Lunden (Vetserve),
- Tina Høgevold (Bleieboden),
- Ørnulf Hasla (Hasla),
- Bjørn E. Bakken (Bykle Hotell), *Connie Barthold (Evje Utvikling),
- Signe Sollien Haugå (Setesdal Regionråd)
- Ingunn Kile (Setesdal regionråd)
Påmelding:
- ingunn.kile@setesdal.no, eller tlf 94 52 13 54. frist: 7. april 2010