Langeidsverdet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. november 2015 kl. 23:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (→‎Eksterne lenker: Kulturhistorisk Museum)
Hopp til navigering Hopp til søk

Langeidsverdet er eit vikingsverd som vart funne på Langeid i Bygland sommaren 2011, under utgravingar i samband med utbygging av Riksveg 9. Det stod i bakken ved sida av ei grav med fire stolpehol. Funnet var så oppsiktsvekkjande at det vart halde hemmeleg heilt til det var trygt plassert i laboratoriet til Kulturhistorisk Museum i Oslo. Sverdet har gull i skjeftet og magiske inskripsjonar. Sverdbladet er 94 cm langt. Sverdet seiast å vere heilt unikt. Arkeologane har tidfesta det til 1000-talet, i overgongen til middelalder. Kor det kjem frå har ein så langt ikkje funne ut av. Men arkeologane meiner eigaren må ha vore ein mektig mann, som kunne smykke seg med eit slikt vakkert våpen.

Langeidsverdet var ferdig restaurert i 2015, og vart vist fram for publikum under utstillinga «Ta det personlig» om personlig utsmykning på Kulturhistorisk Museum denne sommaren. Det skal stå utstilt i Kulturhistorisk museum til 2016.

Kjelder

Eksterne lenker