Ragnhild Bjåen
Ragnhild Bjåen (fødd 31. desember 1972) driv Bjåen Fjellstove på Bjåen. Etter vidaregåande skule gjekk ho husdyrlinja på Norges Landbrukshøgskole på Ås og vart cand.agric. i 1998. Ho har også teke praktisk pedagogisk utdanning innan naturbruk og naturfag i 2004 og etterutdanning innan entreprenørskap og matkultur og fått med seg eit år på folkekunstlinja i Rauland.
Frå 1999 til 2001 var Ragnhild Bjåen produksjonsrådgjevar i Tine Meieriet Sør, deretter var ho lærar på Voss jordbruksskule til 2007, då ho starta opp att Bjåen Fjellstove. Året etter fekk ho ei 30% stilling som lektor på Setesdal vidaregåande skule. I tillegg arbeider ho på Bjåen fellesfjøs.
Ho fekk ein andreplass på SP-lista i Bykle 2011 og vart vald inn som medlem av Bykle kommunestyre. Elles er ski, friluftsliv, jakt, folkekunst og handverk aktivitetar ho har glede av i fritida.
Kjelde
- Informasjon gjeve på Felles kommunestyremøte 15. desember 2011