Vatnestrøm Trevare
Vatnestrøm Trevare vart etablert i 1948. Fabrikken, som ligg på Vatnestrøm i Iveland kommune, produserte lenge både dører, vindauge og trapper, men frå 1987 har dei konsentrert seg om ytterdører. Fabrikken har 21 tilsette og må av og til leige inn ekstra hjelp. I 2003 overtok dei tilsette fabrikken. Moderne maskiner gjer at dei kan produsere nærare 100 dører dagleg.
Kjelde
- Ørjan Hatteberg: Vatnestrøm Trevare har effektivisert. Artikkel i Setesdølen nr. 95, 2006 side 6