Torleiv Løyland (1939)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. november 2015 kl. 14:18 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Torleiv Løyland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Torleiv Løyland (fødd 1. januar 1939) har vore ein populær altmuligmann i Oveinang, ikkje minst for jobben som løypekøyrar for 30 km skiløyper i området ved Store Bjørnevatn. Han kjørte opp løyper med snøscooter og sporkall, men i 1995 fekk Bjørnevatn løypelag løypemaskin. Løypene ved Bjørnevatn er ikkje preparerte, så til tider har maskinen sett seg fast, og Torleiv Løyland har hatt mange timar for å få maskina laus att. Etter sesongen i 2015 gav han seg med den jobben.

Torleiv Løyland jobba 20 år i Forsvaret, han dreiv Flateland handel, etter at butikken la ned har han likevel halde fram med å levere varer til hyttefolk. Han har og drive reparasjonar av hytter og måking av hyttetak i snørike vintrar. For mange vil han vere mest kjent som folkedansar og tidlegare leiar av Setesdal Spelemannslag.

Kjelder