Åvesland
Åvesland (Åvitsland) er ein gard i Flatebygd i Evje og Hornnes. Han er den neste garden ein kjem forbi etter Austerhus når ein køyrer austover langs Gautestadvegen mot Høgås skianlegg og Gautestad.
Dei fleste -landgardane i Evje meiner ein stammar frå folkevandringstida, frå 400 til 600 år etter Kristus. På Åvesland veit ein om minst åtte gravhaugar.[1] På Urdalsfjell på Åvesland sin grunn er det også restar etter ei svær bygdeborg. I folkevandringstida var Åvesland heller ikke nokon avsidesliggjande gard, slik han kanskje kan oppfattast i dag. Mellom anna kom det veg frå Lande ved Byglandsfjorden om Åvesland.[2] Alt dette kan underbygge at her kan det ha vore fast busetnad heilt frå folkevandringstida.
Referansar
<references>
- ↑ Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 41
- ↑ Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, side 50