Nordtjønn
Nordtjønn er eit lite vatn på Senumsheia, på vestsida av Byglandsfjorden, heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Det går skogsbilveg frå Gullsmedmoen opp den bratte lia til tjønna. Frå tjønna går det sti vidare vestover i terrenget til den gamle Otra-hytta, som no er i privat eige. Nordover går det sti til toppen av den gamle Byglandsfjord Fjellheis. Lokale friluftsentusiastar har laga ein fin gapahuk ved tjønna, der det er fint å ta ein rast om ein er på fottur i området.
Kjelder
- Geir Daasvatn, vitjing på staden