Viki (Valle gnr 44)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. oktober 2015 kl. 00:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Viki)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Viki er ein gard sentralt i Vallebygda. Garden ligg nord for Rike og grenser til Kyrvestad i nord. Han er tvillaust nokså gamal, skriv Alfred Ryningen i Gards- og ættesoga for Valle.[1] Busetnaden i Valle skal gå tilbake til dei første hundreåra av vår tidsrekning. Viki er truleg ein av dei eldre verestadane. I ei hovudoppgåve har Sigrid Bø peika ut Viki som opphavsgarden i Valle sokn.[2]

Viki-bøndene hadde kvernhusa sine i Vikebekk som renn mellom Viki og Kyrvestad.[3] Støylane var i Stavedalen, på Midtfjøddi og på Håvestøyl i Finndalen. Støylsdrifta på Viki tok slutt ikke lenge etter 2. verdskrigen.[4]

Litteratur

Referansar

<references>

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle]], utgjeve av Valle kommune]], 1987, side 235
  2. Sigrid Bø, Landtal, leidang og agrarkrise, hovudoppgåve i historie
  3. Valle IV side 238
  4. Valle kommune IV, side 242