Tryggheim bedehus
Tryggheim bedehus er bedehuset på Evje. Det er eldst av bedehusa i Evje og Hornnes kommune. Evje ungdomsforening reiste huset og har vore eineeigar til for kort tid sidan då nokre andre misjonsorganisasjonar gjekk inn som medeigarar. Tryggheim vart vigsla i 1904.