Bispevegen (Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. oktober 2015 kl. 22:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fet skrift på artikkelnavn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Bispevegen Kalland Hornnes 041015.JPG
Starten på Bispevegen frå Abusdalsvegen. Ein kan såvidt skimte at vegen er stengd med bom lenger framme.

Bispevegen i Hornnes (veg nr. 24) er ein privat skogsbilveg, stengd med bom, på heia mellom Espetveit og Kalland heilt sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Vegen tek til frå Abusdalsvegen og går sørover om lag 2 km til Bispetjønnane og Tillaugtjørni. Langs vegen, etter ca 1,5 km, passerer ein det freda kulturminnet Bispestolane. Det er mange fritidsbustader innover mot enden av vegen.

I eldre tider gjekk det ein gamal ferdsleveg i dette området. Han vart kalla «Bispeveien». Det var langs denne vegen honndølane og bjelldølane skyssa biskopen mellom desse grendene i gamle dagar, framover mot 1700-talet.

Kjelder