Munketo

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. september 2015 kl. 09:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Munketo)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Munketo er ein sti som går opp den urete og bratte lia frå garden Hamre på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland til toppen av Rysefossenhøgt oppe i fjellsida. Stigninga opp frå fjorden til toppen er omlag 300 meter. Her er det eit flatt område med panoramautsikt mot Bygland sentrum på andre sida av fjorden. Rett nord for slutten av stien ligg den nedlagte Hamregruva. Då gruva var i full drift frå 1908/1909 og nokre år frametter, var Munketo arbeidsvegen for dei 10-12 gruvearbeidarane.

I Byglands soge frå 1939 skriv Torleiv Bø at det i følge sagnet var munkar som først fann kopar i fjellet ved Rysefossen. Det skal då vere bakgrunnen for at stien opp til fossen heiter Munketo. Ikkje alle festar lit til denne forklaringa. Namnet kan like gjerne knytast til lensherre Erik Munk. Han dreiv gruvedrift i Arendals-området på 1500-talet, og organiserte også skjerp rundt om i distriktet til inntekt for danskekongen.

Kjelder