Håtveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. september 2015 kl. 08:14 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Lislevand)
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa på garden i 2015.

Håtveit er ein nedlagt gard aust i Evje og Hornnes kommune. Mot vest grensar garden mot Kleveland, mot aust mot Lislevand. Det går ein bratt, men fin skogsbilveg (bomveg) fram til garden frå Fylkesveg 42 (Arendalsvegen]. Husa på garden er haldne i god stand, og eigedomen er i bruk som fritidsbustad.

Håtveitfossen i Håtveitåna, rett etter at elva har runne ut av Vikstølvatnet på veg nedover mot Lislevatnet, høyrde til Håtveit-garden. Det stod lenge på 1900-talet ei kvern ved denne fossen. Det var på den tid stor vassføring til kverna, med høgt fall i fossen. Difor var dette ei sikker kvern i drift. Til kverna kom det folk frå mange gardar for å male korn, og den som eigde Håtveit hadde ei god ekstrainntekt på kverna. Ho skal ha stått til 1950-åra, men var snaut i bruk etter 1. verdenskrig. På slutten av 1950-talet vart Vikstølvatnet regulert, og fossen har etter det vore tørrlagd store deler av tida.

Kjelder