Tidløs

Tidløs er ei musikkgrupppe frå Øvrebø i Vennesla. Gruppa vart etablert sommaren 2010, og syng salmer i ei folkeleg, akustisk form. Med i gruppa er Tommy Røinås Ingebretsen (gitar), Stian Omdal (gitar), Bjørn-Thore Aastveit og Martin Wikstøl (vokalist).
Gruppa ønsker å ta vare på og videreformidle vår nasjonale sangskatt og salmeskatt. Ved musikalsk fornying av gamle salmer ønsker Tidløs å la moderne musikalitet farge dei sjelfulle og vakre salmene våre. Gruppa vil gi folk ei musikalsk oppleving som gir rom for å kunne lene seg tilbake, mens musikken, tekstane og ånden i salmene gir eit avbrekk frå mas og kjas i kvardagen.
Konsertar

Foto: Geir Daasvatn
- Utekonsert i Liegruva i Evje 8. august 2015
- Opningskonserten på Ose Countryfestival 2011 torsdag 21. juli 2011 klokka 20 på Ose Turistheim
Joleturne til Setesdal
Med på turneen er Stian Lauvås som pianist og bassist og Torkel Vigebo frå Iveland som teknikar.
- Laurdag 27. november 2010 klokka 19.00 Hornnes kyrkje. Konsert. Gjesteartist: Maria Vassnes
- Sundag 28. november 2010 klokka 17.00 Valle kyrkje. Adventstund
- Måndag 29. november 2010 klokka 19.00 Iveland kyrkje. Konsert. Gjesteartistar
Kjelder
- Setesdølen nr. 96, 2010 side 3