Marie Kyrvestad
| Marie Kyrvestad | ||
|---|---|---|
| Født: | 3. november 1877 | |
| Død: | 10. desember 1935 (58 år) | |
Marie Kyrvestad (fødd Lund 3. november 1877, død 10. desember 1935) var den femte av barna til lensmann Ole Lund og kona Heloise Lund. Ho vart kalla Maia, og i 1901 gifta ho seg med Olav K. Kyrvestad, som var bonde i Valle. Fram til 1929 dreiv dei gard i Valle, men då selde dei garden til lærar Olav Brottveit og kjøpte seg ny gard på Birkeland i Hornnes. Ho fekk ikkje mange år der, Marie Kyrvestad døydde alt i 1935.
Tre barn vaks opp i heimen til Olav og Marie: Sigrid Kyrvestad, Knut Kyrvestad og Hildeborg Kyrvestad.