Olav Galteland
Olav Galteland (fødd 1944) er tannlege på Evje. Han har drive som privatpraktiserande tannlege i 35 år og var før den tid tannlege i offentleg teneste både i Nord-Norge og Trøndelag. Han har tannklinikken sin i Sagatun-bygget på Evje. Frå 2012 vil han samarbeide med tannlege Carl Christian Glad, som driv Elvebredden tannlegesenter i Kristiansand, men som vil vere på Evje eit par dagar i veka.
Olav Galteland er frå 2009 nestleiar i Evje og Hornnes Høyre. Då han gjekk på Hornnes landsgymnas, var han aktiv fotballspelar i Otra IL og med på laget som vart kretsmeistrar i 5. divisjon i 1964.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Vil styrke tannlegekapaiteten på Evje. Artikkel i Setesdølen nr. 96, 2011 side 8