Ole Lund

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. juli 2015 kl. 15:31 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Heder: ref)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Lund
Født: 11. januar 1837
Død: 4. juli 1920 (83 år)

Ole Lund (fødd 11. januar 1837, død 4. juli 1920) var lensmann i Valle frå juni 1872 til 1919.

Biografi

Han var fødd på garden Sofienlund i Nord-Aurdal i Valdres. Foreldrene var bønder. Garden Sofienlund var liten, men då Ole vaks opp var garden tingstad, skysstasjon og gjesteheim.

Ole Lund vart underoffiser og kom sidan inn i jordskifteverket som assistent. Han arbeidde seg opp til jordskifteformann i Romsdals amt. I 1868 gifta han seg med Heloise Sverdrup Lund. Dei fekk 11 born, men to av borna døydde tidleg.

Tarald Nomeland omtalar Ole Lund som «intelligent, konservativ, streng, nøyen og punktleg i alt sitt arbeid. Han hadde bondens interesse for jordbruk, skogbruk og feal og arbeidde alltid for fremjing av desse næringane, og som lensmann og vegoppsynsmann arbeidde han for betre vegar i dalen».[1]

Heder

Barn

Referanser