Kinovegen
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		
Kinovegen startar i vegkrysset heilt til venstre i biletet, og endar ved Furuly fleirbrukshus i høgre biletkant. Bak i biletet ligg Evje sentrum. 
Foto: Geir Daasvatn  
Kinovegen er eit lite vegstykke langs austre breidda av Otra i Evje sentrum. Vegen tek til frå Fennefossvegen ved Birkelandsbrua. Han går sørover forbi dei to store bustadbygga Grandtunet og Elvegården, parallelt med Riksveg 9 (Setesdalsvegen), og vidare forbi Setesdalstrykk og Furuly flerbrukshus før han treff Verksvegen på Verksmoen. Vegen er stengd for gjennomkøyring.
Det var i området der Kinovegen går i dag den første busetnaden i Evje tettstad tok til å utvikle seg. Her låg mellom anna den første butikken til Brødrene Gullestad. Her låg også i mange år Evje kino.