Kinovegen
Kinovegen er eit lite vegstykke langs austre breidda av Otra i Evje sentrum. Vegen tek til frå Fennefossvegen ved [[Birkelandsbrua]. Han går sørover forbi dei to store bustadbygga Grandtunet og Elvegården, parallelt med Riksveg 9 (Setesdalsvegen), og vidare forbi Setesdalstrykk og Furuly fleirbrukshus før han treff Verksvegen på Verksmoen.
Det var i området der Kinovegen går i dag den første busetnaden i Evje tettstad tok til å utvikle seg. Her låg mellom anna den første butikken til Brødrene Gullestad.