Autoservice Evje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. juli 2015 kl. 09:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Autoservice Evje er ein bilverkstad på Evje som held til i Verksvegen 5 like sør for YX Evje. Autoservice Evje har overteke Falck-agenturet for Evje og områda rundt Evje. Dagleg leiar er Knut Birkeland, som er bilmekanikar og bilelektrikar. Det er han du møter når du tek kontakt med bedrifta. Med seg på i bedrifta har han Øyvind Birkeland og Andreas Wetrhus, som begge er bilmekanikarar, Arild Åtland er billakkerer, Mohanad Al-Rukun steller med tectyl og bilpleie, Anne Karin Helstad styrer kontoret og tek telefonar. I tillegg har dei med seg lærlingen Runar Lunden. Firmaet vart oppretta i 1997 av Knut Birkeland, då var det ei einmannsbedrift.

I april 2011 starta Svein Tore Thorsen (48) som bilseljar hos Autoservice på Verksmoen. Firmaet sel mykje varebilar og er merkeverkstad for Fiat, som dei overtok personbilsalet etter BD Bil i 2008. Dei forhandlar og KIA og Daihatsu personbilar og Isuzu pickup. Våren 2010 starta Jørgen Lien som bilseljar i firmaet, som har søkt om å få utvide ved å bygge utstillingshallen større. Søknad om dette vart sendt inn til kommunen i oktober 2010.

Til Setesdalskonferansen 2011 var det laga ein film om bedrifta.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...