Breiflå
Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Breiflå er ein liten innsjø i Otra, 171 moh., i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. I Breiflå ligg den vesle Kjeøya. Mellom Auensneset og Hornnestangen ligg Hornnesvika. Vestover mot Kjetså går Kjetsåkilen, eller Voilan som er eit meir brukt namn på vika. Voilan er avsnøra frå resten av Breiflå ved vegfyllinga for Riksveg 9 som går tvers over innsjøen her. Fram til 1962 gjekk Setesdalsbanen over denne fyllinga.