Sandvassknuten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. desember 2011 kl. 13:54 av Helland (diskusjon | bidrag) (kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandvassknuten.
Foto: Reidar Tveito
Midtstrandknuten og ein del av Gyvatn sett frå Sandvassknuten.
Foto: Reidar Tveito

Sandvassknuten er eit 717 meter høgt fjell i Bygland kommune på grensa til Åseral kommune. Toppen ligg vest for Sandvatnet og noko sør for Sandvasstøylen.

I april 2011 sette Motstandsrørsla mot Gyvatn artilleriskytefelt opp ei minneplate på Sandvassknuten om motstandskampen for å redde 120.000 mål natur i grensetraktene mellom Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommuar frå å verte skytefelt. Minneplata hadde tidlegare stått på ei øy i Gyvatn, men blitt fjerna, truleg i 2006.[1]

Referansar

  1. Johs. Bjørkeli: Minneplata over geriljakrigen. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 15. april 2011 side 28

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...