Birkeland (Evje og Hornnes gnr. 5)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. juni 2015 kl. 09:31 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Birkeland og Krossen, med Evje tettstad i bakgrunnen.

Birkeland er ein gard (gnr. 5) på vestsida av Otra, mellom gardane Moseid i nord og Fennefoss i sør-vest. I vest, høgt oppe i heia over Otra, grensar garden til Ås. På andre sida av Otra ligg Evje tettstad.

Birkeland er eit veldig vanleg gardsnam på Agder. Det tyder «grunn der det veks bjørk».

Professor N. Nicolaysen har grove ut åtte gravhaugar på Birkeland. Gravene blei tidfesta til 6. århundre e. Kr.

Det tettbygde stroket Krossen vaks fram på Birkeland grunn på første halvdel av 1900-talet.

Kjelder