Kilefjorden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. juni 2015 kl. 07:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder: Søknad)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kilefjorden rett sør for brua over Otra frå Vestre Hodne til Iveland. Grusvegen er den gamle jernbanelina til Setesdalsbanen.

Kilefjorden er namnet på ei strekning av Otra, opphaveleg mellom garden Odderstøl i Iveland i nord og Kile-grenda i Vennesla i sør, seinare også mykje brukt om heile strekninga frå Gåseflå i Vennesla i sør til Fennefossen i Evje og Hornnes i nord. I daglegtalen vil dei fleste no truleg seie at Kilefjorden byrjar ved Kilefjorden Camping, om lag ved brua over Otra til Iveland, og endar på Kile. Sør for Kile, etter det tidlegare fossefallet Soga, vidar elva seg ut igjen og kallast Gåseflåfjorden.

Saman med Gåseflåfjorden er Kilefjorden regulert, og inntaksmagasin for Iveland kraftverk. Reguleringshøgda er mellom 167,30 (HRV) og 166,43 (LRV), altså 0,87 meter. I 1953 blei Gåseflådammen bygd i sørenden av Gåseflåfjorden, og vannspeilet her vart heva med 11 meter. Det blei eitt samanhangande vannspeil heilt frå dammen og opp til Fennefossen. Det er årsaka til at mange i dag vil nytte Kilefjorden som namn på heile denne strekninga.

Historisk har Kilefjorden vore ein viktig del av Otra. Dampbåten Bjoren trafikkerte strekninga mellom Frøysnesodden på Kile og Fennefossen i Evje og Hornnes frå 1867 til Setesdalsbanen kom i 1896.

Kjelder

  • Salve Øina, Noke frå indre Agder, 2014, s. 5-34
  • Søknad dagsett 6. mars 2015 frå Agder Energi Vannkraft AS til NVE om å tappe ned Gåseflåfjorden i samband med kanaliseringsarbeider i Dalanekilen