Svorvaren

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. desember 2011 kl. 00:48 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bytta lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Svorvaren eller Svarvarnuten (1 378 moh) er eit fjell i Valle kommune. Det er eit av dei beste utsiktspunkta i Setesdalsheiene. Fjellet ligg på vestsida av Otra i nordenden av Holteheia.

Frå Riksveg 9 tek ein av ved Hallandsfossen, køyrer opp Bergsvegen og Hylesdalsvegen og parkerer nesten heilt innerst. Det er T-merka løype frå parkeringsplass til Stavskarhytta på 5,1 km med stigning på 294 høgdemeter, og 2,3 km avstand på kartet frå Stavskarhytta til Svorvaren med stigning på 384 høgdemeter.

I samband med Topptur Valle IL 2011 var Svorvaren ein av to toppar i Valle. Den andre var Ljomsnuten.

Kart