Austre Hodne
Utsjånad
Austre Hodne er ein gard (gnr. 1) heilt nord-vest i Iveland kommune. Han ligg på austsida av Otra, nord for Fylkesveg 406 (Ivelandsvegen]], og er nabogard til Vestre Hodne på andre sida av elva, i Evje og Hornnes kommune.
Frå gamalt av har det vore to bruk på Austre Hodne; «Der ut» og «Der heim». Før det kom bru over Otra ved Kilefjorden måtte ein ferje over elva til Vestre Hodne, og det var ferjestad på garden.
Første halvdel av 1900-talet var det noko drift etter feltspat og kvarts i nokre mindre gruver på garden.
Kjelder
- Salve Øina, Litt om nåke, 2014, s. 35-43