Alfred Uglands veg
Foto: Geir Daasvatn
Alfred Uglands veg er ein veg i Evje og Hornnes kommune, oppkalla etter Alfred Ugland, som døydde i tysk krigsfangenskap. Vegen går søraustover frå Nils Heglands veg og innover mot Evje stadion, Agder Energi sitt administrasjonsbygg i Evje og Trollbakken hoppanlegg og sykkelløyper. I forlenginga av vegen går ein grusveg som fører inn til Evjemoen skyte- og øvingsfelt. Men denne grusvegen er normalt stengd med bom.
Taubanegata startar i Alfred Uglands veg.