Honorarfond for folkemusikk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. desember 2011 kl. 21:16 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Honorarfond for folkemusikk)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Honorarfond for folkemusikk vart oppretta i 2008 på initiativ frå Valle Sparebank, slik at folkemusikarane lokalt kunne få eit honorar for musikken sin. Så vart rådmannen i Valle invitert med, og ein vart samde om å opprette fondet. Foreningar og private personar innanfor Valle kommune kunne søke tilskot for å underhaldning. Fondet skulle stø dette med to tredeler. Fondet skulle administrerast av Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke og Torleiv K. Løyland. Sidan søkte ein Bygland og Bykle om å vere med, og dei kom og med i ordninga.