Øvre Tingveg
Øvre Tingveg er ein veg i Tingbergheia bustadfelt i Evje, i det som tidlegare mykje blei kalla «Sagaheia». Vegen tek til frå Grenjåvegen nær Arendalsvegen. Han går først austover opp ein bratt bakke, før han svingar mot sør og endar i den sørlege enden av bustadfeltet. Over Øvre Tingveg, lenger oppe i bustadfeltet, går Tingbergvegen, og nedanfor går Nedre Tingveg.