Skranevannsvegen
Skranevannsvegen er ein skogsbil- og hytteveg (bomveg) frå Abusdalsvegen ved garden Haugland sørover til Skranevatn og Vollevatn sør-vest i Evje og Hornnes kommune, mot grensa til Lauvås i Vest-Agder. Han vart bygd rundt 1961.
Før vegen kom, skal området ha vore den beste elgmarka i Hornnes. Då vegen låg ferdig, blei det køyrd ut mange tusen kubikkmeter tømmer. Det kom også etterkvart svært mange fritidsbustader innover mot Skranevatn.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes]], band 1, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 206