Hopp til innhald

Vikstølvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. april 2015 kl. 13:48 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt mer om vegen)

Vikstølvegen er ein om lag 2,4 kilometer lang privat grusveg frå Suva ved Prestøygardsvatn forbi Storøygardsvatn inn til garden Vikstøl ved Vikstølvatnet nord-aust i Evje og Hornnes kommune.

Vegen stod ferdig i 1937. Ei stund tenkte ein seg at vegen kanskje kunne bli ein gjennomgangsveg om Håtveit inn på Arendalsvegen. Men desse planane blei det aldri noko meir av.

På 1970-talet blei vegen nedklassifisert frå kommunal til privat veg då det ikkje lenger var fast busetnad på Vikstøl-garden. Vegen er likevel mykje i bruk, då det er mange fritidsbustader i området rundt Prestøygardsvatn og Storøygardvatn.

Kjelder