Stien (Evje og Hornnes gnr. 38 bnr. 1)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. april 2015 kl. 09:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Stien - Evje)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stien er ein gard aust for Otra, lengst sør i Evje og Hornnes kommune, langs Fv-309 mellom Klepp og Vånne, mot grensa til Iveland. I vest grenser garden til Klepp. Nabogard i aust er Landsverk. Mot sør ligg Landås i Iveland. Garden er fråflytta.

Oluf Rygh meiner namnet kjem av det gamalnorske stigr, stig. Men den lokale gardsnamnkjennaren Oddmund Mogstad meiner ein like gjerne kan tenkje på stee, land der bekken fløymer over myr. Mykje av den dyrka jorda på garden ligg på ein stee.

Klepsåna renn forbi garden.

Kjelder

Garder i Evje og Hornnes