Hopp til innhald

Fånekleiva

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. mars 2015 kl. 08:58 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke til et par andre aktuelle sider)
Fil:Fånefjell gammel veg 1842-1923 160714 (2).JPG
Fånekleiva med svingane som vart bygde etter det store raset i 1870.
Fil:Fånefjell gammel veg 1842-1923 160714 (1).JPG
Fånekleiva slik ho ser ut i dag. Den gamle milepælen frå 1855 syner at det er 8 mil til Kristiansand.
Foto: Geir Daasvatn

Fånekleiva er ei bratt kleiv på den gamle hovudvegen gjennom Setesdal, ved Fånefjell på austsida av Byglandsfjorden mellom Longerak og Lauvdal i Bygland kommune. Vegstykket her vart bygd i 1842. Vegen går opp lia mellom Fånefjellet og det stupbratte Lisle Fånefjell, rett foran den sørlege enden av Fånefjellstunnelen. Han er bygd med høge natursteinsmurar og stabbestein som rekkverk. Midtvegs i kleiva står ein milepæl av støypejern frå 1855. Etter eit ras i 1870 vart vegen lagt noko om i den nederste delen, med to nye svingar og slakare stigning. Også i nyare tid har det vore ras i Fånekleiva, seinast i 1997.

Den første bilen skal ha køyrd opp Fånekleiva i 1909. Då Setesdal Bilruter byrja med rutebilkøyring mellom Ose og Berdalsbru i 1918, kom det krav om veg rundt Lisle Fånefjell. Den nye traséen rundt fjellet blei opna i 1923. Då var det slutt på Fånekleiva som ein del av hovudvegen gjennom Setesdal. I dag er kleiva eit viktig kulturminne, og ei mykje populær turløype. Ho er pent restaurert av Statens vegvesen og Bygland kommune. Frå toppen av kleiva går det merka sti ut til eit utsiktspunkt ytterst på Lisle Fånefjell, der ein har eit vidt utsyn sørover mot Longerak.

Sjå også

Kjelder

  • Statens vegvesen sine informasjonstavler i Fånekleiva