Furustovheia

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. mars 2015 kl. 12:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Fennefoss museum)
Hopp til navigering Hopp til søk

Furustovheia er eit fjell (567 moh.) om lag to kilometer nord-vest for Fennefossfjellet på vestsida av Otra i Evje og Hornnes kommune.

Furustovheia er ein av toppane i Otra IL sitt turopplegg Ti toppers i 2015. Ein kan starte turen ved Hornnes barneskule, følge blåmerka løype til Masi, og gå vidare på merka sti til toppen. På tilbakevegen kan ein gjerne ta ein avstikkar til Fennefossfjellet. Turen kan også starte ved Fennefoss bygdemuseum. Herfrå kan ein følge løypa til Fennefossfjellet og vidare til Furustovheia.