Storøygardsvatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. mars 2015 kl. 09:23 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Storøygardsvatnet)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Storøygardsvatnet er eit vatn på heia (438 moh.), sør for Fylkesveg 306 (Gautestadvegen), mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Det heng saman med Prestøygardsvatnet i nord. På austsida av vatnet går det køyreveg inn til Vikstølvatnet og garden Vikstøl.

Vatnet høyrer til Høvringsvassdraget, som er regulert.

På slutten av 1960-talet var Storøygardsvatnet praktisk talt fisketomt, som dei andre vatna i vassdraget. I 1969 vart Prestøygard og Storøygard fiskelag danna, under leiing av kalkingspioneren Hans Kalleberg. Laget sette i gang eit storstilt kultiveringsprogram for å få fisken tilbake i vassdraget.

Kjelder

Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 183-186