Notto Jørgensen Tvedt
| Notto Jørgensen Tvedt | ||
|---|---|---|
| Født: | 1794 | |
| Død: | 28. mars 1839 (alder 44–45) | |
Notto Jørgensen Tvedt (fødd 1794, død 28. mars 1839) var kyrkjesongar, stortingsmann og ordførar i Evje og Vegusdal formannskapsdistrikt 1839-1839. Han var den første ordføraren i Evje etter at formannskapslovene innførte kommunalt sjølvstyre i 1837.
Notto var ein særs gåverik mann. Han var kjent for si fine framferd. Han fekk tidleg eit godt omdøme. 18 år gamal blei han sett til å vere lærar. I 1820 overtok han som klokkar etter far sin i Evje, Hornnes og Vegusdal. Eit år gjekk det ein fæl koppe-epidemi i Setsdal. Notto blei då sendt dit av amtet som vaksinatør. I dalen blei han kalla «kveisedoktoren».
Notto J. Tvedt var haugianer. Han gjaldt som en autoritet i religiøse spørsmål. Han var mykje med i styre og stell. I Per Eivind Hem sin store biografi om Jørgen Løvland, heiter det at han var den leiande mann i Evje på 1820- og 1830-talet, og ein av dei mest kjende og respekterte menn i Setesdal i det heile. I 1925 blei han vald inn i skulekommisjonen. Frå 1823 til 1839 var han valmann til Stortinget. I 1833 vart han forlikskommisjonær.
I 1835 blei Notto J. Tvedt innvald på Stortinget som representant for Nedenes og Råbyggelaget amt.
Kjelder
- Erik Kjebekk, Misjon og vekking i eit bygdesamfunn, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2002, s. 7-9
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 261
- Per Eivind Hem, Jørgen Løvland - Vår første utanriksminister, utgjeve av det Norske Samlaget, 2005, s. 29-30