Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hovden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. februar 2015 kl. 07:58 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke til heimesida til Setesdal vgs)
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hovden er ei avdeling av Setesdal vidaregåande skuleHovden i Bykle kommune. Dei to andre avdelingane er på Hornnes og i Valle.

Avdelinga på Hovden tilbyr idrett på høgt plan (snowboard, freeski, alpint og langrenn) kombinert med utdanning. Skulen er mykje kalla «Hovden skigymnas», som var namnet på skulen fram til dei tre vidaregåande skulane i Hornnes, Valle og Hovden vart slegne saman til ein skule i 2006. Skulen har eigne hybelbygg med god standard for alle elevane. Hybelbygga ligg i gangavstand til skulen.

Historie

Avdeling Hovden starta med det som heitte VKII - reiselivsaktivitetar. Dette var ein klasse på 15 elevar som administrativt låg under Valle vidaregåande skule. Hausten 1990 vart så Hovden skigymnas etablert. Då kom det også ein eigen allmennfagleg 1. klasse, der 20 av 30 elevar var det ein kalte «ski-elevar». Skuleåret 1992/1993 var skulen fullt utbygd. Då var det til saman fire klasser og alt i alt 105 elevar.

Kjelder

Ekstern lenke