Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hovden
Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hovden er ei avdeling av Setesdal vidaregåande skule på Hovden i Bykle kommune. Dei to andre avdelingane er på Hornnes og i Valle.
Avdelinga på Hovden tilbyr idrett på høgt plan (snowboard, freeski, alpint og langrenn) kombinert med utdanning. Skulen er mykje kalla «Hovden skigymnas», som var namnet på skulen fram til dei tre vidaregåande skulane i Hornnes, Valle og Hovden vart slegne saman til ein skule i 2006. Skulen har eigne hybelbygg med god standard for alle elevane. Hybelbygga ligg i gangavstand til skulen.