Hovden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. februar 2015 kl. 17:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke på 8. januar 1982)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovden er ein tettstad i Bykle kommune om lag 24 km nord for Bykle kyrkjebygd. Staden ligg nord for Hartevatnet og hadde eit folketal på 385 per 1. januar 2009. Dei fleste bur like sør for sentrum, i området aust for Riksveg 9. Hovden er eit senter for vintersport, staden har kulderekorden for Aust-Agder på 38,0 minusgrader målt 8. januar 1982. I helgene om vinteren fyllest hytter og hotell på Hovden med folk frå heile Agder som vil bruke skianlegga på Hovden skisenter. Andre tilbod til turistar er Hovden Badeland & Spa og Hovden Jernvinnemuseum.

I 1977 var det om lag 700 hytter i heile Bykle kommune. I 2014 er det 2584 hytter i kommunen. Dei fleste ligg på Hovden, der det har det blitt etablert ei rekke hyttefelt. I sør ved Hartevatn ligg Solheimsmoen hyttefelt, deretter kjem ein til Badstogdalen hyttefelt og Hartevassnuten hyttefelt. Ved Hartevatn vest for sentrum ligg Otrosåsen hyttefelt. Nord for dette ligg Bestestøylen hyttefelt og Djupetjenn hyttefelt. Vidare oppover i vest ligg Fjellparken, Hovdenut Alpin, Hovden Alpin Lodge og Nystøyl hyttefelt. Aust for Riksveg 9 ligg Gumpelia hyttefelt, Marnar hyttefelt, Børtemannsbekken hyttefelt, Remestøylsfloti hyttefelt og Hovdeseter hyttefelt.

Kjelder og eksterne lenker