Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hovden
Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hovden er ei avdeling av Setesdal vidaregåande skule på Hovden i Bykle kommune. Dei to andre avdelingane er på Hornnes og i Valle.
Avdelinga på Hovden tilbyr idrett på høgt plan kombinert med utdanning. Ho er mykje kalla «Hovden skigymnas», som var namnet på skulen fram til dei tre vidaregåande skulane i Hornnes, Valle og Hovden vart slegne saman til ein skule i 2006.